Ekso 2011
16-26 juli
 
I begynnelsen av perioden har det vært lite vatn og nedbør, men laksen har vært i elva.
Det er 4 vill lakser mellom 3-10 kg som har vært en tur på land, men som nå er på vei videre oppover i elva.
No er det mykje vatn etter nedbøren mandag (25/7) og elva er fin, var å fiska i går kveld men fekk ikkje noko, men såg 5 stk.
Fisker kun med sluk og spinner fra 12 gram og oppover, hadde vel vore best med mark.
Rekner med at det er gått opp sjøørret nå, har stått en del i sjøen i det siste og venta på vatn.
Prøver igjen i kveld.
 
11-15. juli
Det har vært en del oppgang av laks i første del av perioden, men så kom finværet og vannstanden gjekk ned, kraftstasjonen kjører med jevne mellomrom enda og i kombinasjon med flo sjø går det opp fisk. Men den er ikkje så bitevillig som før.
Men det er fint å nyte sola også.
 
5-10. juli
 
Elva har vore varierende, men det har vært bra vannføring, ny laks er sett kvar dag i alle hølene.
I denne perieoden er det tatt 11 lakser fra 3 kg og opp til 7 kg alle var villaks og er satt tilbake i elva. 1 sjøørret og 1 regnbueørret er tatt på land. Det er mest sluk som er brukt men også flue og mark.
Ser ut som det er en årgang eller to som har klart seg og så nå finn veien tilbake til elva, dette lover bra.
Takk til alle som har vært her  å fisket til nå, takk for at dere melder ifra når villaksen biter på.
 
4.juli
I dag kom sola fram av det kvite teppe over oss, elva ligg blank og fin, til og med myggen tek livet med ro i dag.
Laksen og sjøørreten ligg å venta på ihuga fiskara.
Idag stod det fisk i alle hølene fra Båthølen og opp.
 
3. juli
 
Fin elv kl 1330, overskya men opphold.
 
2.juli
 
Elva er forsatt passe stor, stort sett fint vær, men kom litt regn på kveld/natt.
4 lakser som er satt ut igjen i elva. ca 2.5 - 6 kg, 2 sjøørreter på ca 1,5 kg og nokre brunørret. Ingen oppdrett så langt og det er bra. Har vært en del fiskere både store og små.
 
1.juli.
 
Fin elv, laksen er på plass i elva, virker så det er en del laks på 4-7 kg.
1 laks på 6-7 kg vart tatt i nye hølen mellom ny terskel i Båthølen og terskel i Skarvhølen, det var en villaks og den er satt ut igjen i elva, ellers er det fleire som har hatt napp. 1 sjøørret er tatt.
Vært en del fiskere  i elva i det første døgnet. Kjekt!!
Ta kontakt visst det er noe du vil spørre om, er du ikkje kjent i elva tar me ein tur i lag.
 
30. juni kl 2315
 
Elva er passe stor, fin å fiske i, været er overskya men opphold.
1. juli Kl 2400 er det åpent for fiske etter oppdrett og sjøørret.
Er lika spennande kvart år.


FISKE 2011
Frå og med 1.juli og til og med 15 september er det tillete å fiska i Ekso, det er også i år desverre berre tillete å fiska etter sjøørret og oppdrettlaks, villaksen er forsatt freda.
 
Me har salg av fiskekort i Olavikjæ i kryss mellom småtunellane og butikken, der er det sjølvbetjening. Prisen er kr 200,- pr døgn.
Husk å levera kortet tilbake, rett utfyllt når du reiser heim att.
 
Desinfisering, les oppslag!
 
Oppsyn, me er som vanlig ute og går oppsyn, så me snakkast i elva.
 
Me har seldt campingvogna vår, men har du behov for overnatting, ta kontakt, eller sjå på heimesida til Den Grøne Sløyfa.
 
Har du spørsmål ta gjerne kontakt med: Knut Eirik Møster, mob 915 74 936, eller epost: k-ei-m@online.no  så skal me prøva å hjelpa.
 
 
Velkomen alle, til ny sesong i Ekso
 
Med venleg helsing
Ekso Elveeigarlag


 


Auka minstevassføring i Ekso vedteke 22.1.09
Saka om auka minstevassføringa i Ekso var til høyring  i januar 2005.  13. juni 2005 var det møte mellom berørte partar, BKK og NVE på Dale.  Det var også synfaring i Ekso.   I påventa av den formelle prosessen med vedtak i statsråd, sette BKK umiddelbart  frivillig i gang dei endringane som NVE skisserte etter høyringa. Dette er dei som jobbar med fiskekultirvering i Esko glade for.  I  verste fall kunne BKK ha venta heile 3,5 år i påvente av det endelege vedtak i statrsråd som vart fatta  i dag den 22.1.09. Sjå heile saksutgreiinga til NVE her: http://www.nve.no/FileArchive/98/Ekso.doc 
 
I statsråd 22.1.09  har olje og energidepartementet pålagt BKK å auka minstevassføringa i Ekso gjennom å flytta målepunktet til utløpet av Nesevatnet. Minstevannføringa justert fra 15. mai til 1. mai på grunn av smoltutvandring. 2 m3/s målt vatn sleppt frå Nesedammen vil gi ca 2,7 m3 som sommarvannføring nede ved Langhølen (tidligere målepunkt) og vintervannføringa på 1m 3 vil gi ca 1,3 m3 ved Langhølen. Strekninga Nesedammen til fjorden får då ca 30 % høgare misntevassføring enn før. Dersom tilsiget til Nesedammen er under dette nivået, skjer av og til i tørre periodar sommar og vinter, klarer ikkke BKK å oppretthalda minstevasføringa. Dette fordi det ikkje er krav om minstevassføring i øvre del av Ekso som vart overført til Evanger kraftstasjon i 1973. Elveeigarlaget håpar å få gjort noko med dette når revisjon av konsesjonen kan krevjast etter 2016.
- Dette er ei historisk sak, men saka har teke heile 13 år frå ho vart lansert til ho vart formelt godkjent i statsråd, seier miljøvernrådgjevar i Vaksdal, Sveinung Klyve i ein kommentar,
 


 
 


Snart fiske
 
Sjå bilde av dei gode fiskestadene i elva under fiske i Ekso.


NYTT

Stamfisket høsten 2007 var ikkje oppløftande. Det var berre telt og fanga 42 laks. sjå fleire bilde i fotoalbum.