1- 17 juli 2010
Sesongen starta med fin elv og 1 laks på 3 kg, som vart sett ut igjen i elva( villaks er freda), ellers er det tatt ein del brunørret den største var på 1.2 kg, og 4 stk sjøørret og der er den størst på 1,6 kg.
 
Laks er det sett ein del av, virker som det er mest laks mellom 3-6 kg i elva i år, men det er også sett stor laks.
 


FISKE 2010
No frå og med i natt 1.juli og til og med 15 september er det tillete å fiska i Ekso, det er også i år desverre berre tillete å fiska etter sjøørret og oppdrettlaks, villaksen er forsatt freda.
 
Me har salg av fiskekort i Olavikjæ i kryss mellom småtunellane og butikken, der er det sjølvbetjening. Prisen er kr 200,- pr døgn, me har ikkje 12 timers kort.
Husk å levera kortet tilbake, rett utfyllt når du reiser heim att.
 
Desinfisering, les oppslag!
 
Oppsyn, me er som vanlig ute og går oppsyn, så me snakkast i elva.
 
Me har seldt campingvogna vår, men har du behov for overnatting, ta kontakt, eller sjå på heimesida til Den Grøne Sløyfa.
 
Har du spørsmål ta gjerne kontakt med: Knut Eirik Møster, mob 915 74 936, eller epost: k-ei-m@online.no  så skal me prøva å hjelpa.
 
 
Velkomen alle, til ny sesong i Ekso
 
Med venleg helsing
Ekso Elveeigarlag


 


Auka minstevassføring i Ekso vedteke 22.1.09
Saka om auka minstevassføringa i Ekso var til høyring  i januar 2005.  13. juni 2005 var det møte mellom berørte partar, BKK og NVE på Dale.  Det var også synfaring i Ekso.   I påventa av den formelle prosessen med vedtak i statsråd, sette BKK umiddelbart  frivillig i gang dei endringane som NVE skisserte etter høyringa. Dette er dei som jobbar med fiskekultirvering i Esko glade for.  I  verste fall kunne BKK ha venta heile 3,5 år i påvente av det endelege vedtak i statrsråd som vart fatta  i dag den 22.1.09. Sjå heile saksutgreiinga til NVE her: http://www.nve.no/FileArchive/98/Ekso.doc 
 
I statsråd 22.1.09  har olje og energidepartementet pålagt BKK å auka minstevassføringa i Ekso gjennom å flytta målepunktet til utløpet av Nesevatnet. Minstevannføringa justert fra 15. mai til 1. mai på grunn av smoltutvandring. 2 m3/s målt vatn sleppt frå Nesedammen vil gi ca 2,7 m3 som sommarvannføring nede ved Langhølen (tidligere målepunkt) og vintervannføringa på 1m 3 vil gi ca 1,3 m3 ved Langhølen. Strekninga Nesedammen til fjorden får då ca 30 % høgare misntevassføring enn før. Dersom tilsiget til Nesedammen er under dette nivået, skjer av og til i tørre periodar sommar og vinter, klarer ikkke BKK å oppretthalda minstevasføringa. Dette fordi det ikkje er krav om minstevassføring i øvre del av Ekso som vart overført til Evanger kraftstasjon i 1973. Elveeigarlaget håpar å få gjort noko med dette når revisjon av konsesjonen kan krevjast etter 2016.
- Dette er ei historisk sak, men saka har teke heile 13 år frå ho vart lansert til ho vart formelt godkjent i statsråd, seier miljøvernrådgjevar i Vaksdal, Sveinung Klyve i ein kommentar,
 


 
 


Snart fiske
 
Sjå bilde av dei gode fiskestadene i elva under fiske i Ekso.


NYTT

Stamfisket høsten 2007 var ikkje oppløftande. Det var berre telt og fanga 42 laks. sjå fleire bilde i fotoalbum.







© Vaksdal Kommune. Kopiering av tekst eller grafikk berre etter løyve.