| KART OVER EKSO |

|
|
3-D Grafikk: Kjell Helge Sjøstrøm, Geografisk Institutt, Universitetet i Bergen Klikk på bilde for større versjon (det kan ta litt tid å opne bildet)
|
| Slik vart Eidslandet forma |
Den store innlandsisen har smelta bort, og brefronten ligg inst i fjordane. Tyngda av isen har pressa ned landskapet, og havet står 60m høgare enn i dag Smeltevatnet frå breane fører med seg store mengder lausmateriale som vert avsett i fjordane til eit delta.
Når breen smeltar vekk, hever landet seg og deltaet kjem til syne. Elvane har gjennom tusenvis av år greve seg ned i lausmassane og forma det landskapet vi kjenner i dag.
Av det oppbrinnelege breelvdeltaet som ein gong dekte heile dalbotnen, ser vi i dag att berre terrassar. Den høgaste terrassen viser det oppbrinnelege deltaet.
I vår tidsalder har også andre "prosessar" tæra på brefrontdeltaet. Uttak av sand og grus har i over 100 år vore ein viktig næringsveg på Eidslandet. Sand og grus som ein gong for snart 10 000 år sidan vart avsett av ei breelv har både hamna i lokale fjøsmurar og blitt frakta vidare av sandskuter til såvel veganlegg i distriktet som store bygningar i Bergen by.
|

|
|