KALKING AV EKSO
Kalking av Ekso
Vasskvaliteten i Ekso har sidan 1960 vore fast overvaka. Berggrunnen i øvre del av Ekso gjev vasskvalitet med god pH. Noko av dette vatnet vert overført i lange tunnelar til Evanger kraftverk og Vossovassdraget. Nedre del av Ekso er prega av harde bergartar som gjev surt vatn. Slikt surt vatn med låg pH gjev ugunstige tilhøve for oppveksten til laksen. For å bøta på dette vart eit kalkingsanlegg bygd våren 1997 ved Tverrdalsbekken ca 8 km lenger oppe i elva. Alt vatn nedanfor anlegget vert tilsett finmalt kalk slik at vatnet får ein pH på 6,2 - 6,5. Anlegget vart bygd og vert drive med offentleg tilskot.

Kvifor kalke Ekso?
Kalkdoseraren her ved Tverrdalsbekken har gått jamnt og trurr sidan april 1997. Den gjer at vasskbvaliteten i elva vert bra nok til at laks kan leva og formeira seg i elva. Utan kalkinga ville truleg laksestamma i elva døydd ut på grunn av for surt og for aliminiumsrikt vatn. Etter at Myster kraftverk vart bygd i 1987 har tilhøva for oppvekst av laks forverra seg i nedre del av Ekso. Dette kjem i hovudsak av at vatn i midtre del av elva vert ført gjennom kraftverket og det sure vatnet i nedre del påverkar formeiringa. Brå endringar i vassføring ved køyring av kraftstasjonen har også verknader for fiskeyngelen i elva nedanfor kraftstasjonen.

Den aller viktigaste årsaka til at vatnet i Ekso er blitt for surt, er likevel den sure nedbøren som fell over Sør-Noreg. Dette skuldast i hovudsak industriutslepp lenger sør, aust og vest i Europa. Berggrunnen i øvre del av Ekso gjev vasskvalitet med god pH. Noko av dette vatnet vert overført i lange tunnelar til Evanger kraftverk og Vossovassdraget. Nedre del av Ekso er prega av harde bergartar som gjev surt vatn. Slikt surt vatn med låg pH gjev ugunstige tilhøve for oppveksten til laksen. Alt vatn nedanfor kalkdoseraren vert tilsatt finmalt kalk slik at vatnet får ein pH på 6,2 - 6,5.

Fagråd for Ekso
Fagrådet for Ekso vart oppretta i 1997 og består av elveeigarlaget, Vaksdal kommune og BKK. Direktoratet for naturforvaltning og miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland er overordna forvaltningsstyresmakt og har nært samarbeid med fagrådet.

Eigen driftsplan for elva vart laga i 1998. Planen inneheldt ein biologisk del der ein skisserer tiltak som skal fremja laksestamma i elva. Det er også ein næringsdel der tiltak med tilrettelegging for fiske er sett i gang.

Det er optimisme å spore når det gjeld framtida for fisken i Ekso.

Kalking i Noreg
Kalking av elvar og innsjøar er eit naudtiltak for å freiste å berge det biologiske mangfaldet i vatn frå å verte øydelagt av den sure nedbøren som industri og samferdsle fører til i dag. Dei siste åra har internasjonale avtaler ført til at forsurande utslepp i Europa er mindre. Ein trur likevel at kalkinga vil måtte halde fram i enno eit par tiår i utsette område i Noreg.

Det er direktoratet for naturforvaltning som har det faglege og økonomiske ansvaret for vassdragskalkinga i Noreg. På fylkesnivå er det miljøvernavdelinga hos fylkesmannen som har forvaltningsansvaret. Det vert løyvd om lag 100 millionar kroner til kalking kvart år i Noreg - om lag 5 millionar av dette vert nytta i Hordaland. Vaksdal kommune eig og driv kalkdoseraren i Ekso med eigne og statlege midlar.

FAKTA OM KALKDOSERAREN

 
Ligg ved Tverrdalsbekken
ved Høvik (bildet over)

Bygd perioden oktober 1996 - april 1997 med offentlege midlar

Kostnad: 2 millionar kroner

Type anlegg: MIKA Kalkingsanlegg frå Miljøkalk. Skreddarsydd for bruk i Ekso. (Eit liknande anlegg står i Frøysetvassdraget i Masfjorden)

Kapasitet: Inne i huset er det ein liggjande silo med kapasitet på 70 tonn kalk. Denne doserer ca. 600 tonn kalk kvart år i den lakseførande delen av elva, slik at vatnet heldt ein pH på 6,2 - 6,5

Styring: Heilautomatisk med dosering av kalk i forhold til pH og vassføring i hovud- og sideelvar

Lokal tilsynsmann: Geir Høvik, bonde på Høvik


 
Det varierer sterkt kor surt vatn ulike artar kan tole,
som dette diagrammet viser. (Etter Direktoratet for naturforvaltning)


 
3-D Grafikk: Kjell Helge Sjøstrøm, Geografisk Institutt, Universitetet i Bergen
Klikk på bilde for større versjon (det kan ta litt tid å opne bildet)






© Vaksdal Kommune. Kopiering av tekst eller grafikk berre etter løyve.