I lakseriket artikkel laga januar 2002 Tekst og foto: Sveinung Klyve
Iført tørrdrakt, maske og snorkel kastar fiskeforskarar seg ut i elva kvar haust og symjer om kapp med laks og sjøaure. I fiskeriket får dei oversikt over gytebestanden av laks og aure etter fiskesesongen og dei fangar stamfisk. Utlegging av befrukta rogn i elva og bruk av dverghannar er eit av flere forskingsprosjekt som foregår i våre lokale elvar Ekso, Daleelva og Modalselva.

Utover høsten mot desember står laks og sjøaure i elva for å gyta. Fisken er svært fargerik og aggresiv mot einannan og mange dør etter gyting. Hunnen lagar gytegrop i grus og stein ved grave med halen. Hoa slepper ut rogna og fleire hannar tett ved slepper ei sky av mjølke over rogna. Her er det også små dverghannar som sniker seg til, med stor fare for å bli drept av dei store hannlaksane. Etterpå dekkjer fisken over rogna med grus og stein så ho ligg godt beskytta. Her står ein laks på ca 3 kg. Bildet er teke under vatn i laksen sitt eige rike.
Teljing og fanging av laks Dette er 5 året naturkonsulent Tore Wiers frå Vaksdal og forskarar frå Universitetet i Bergen driv med teljing av anadrom fisk (laks og sjøaure) i elvane Ekso og Daleelva i Vaksdal og Modalselva i Modalen. Dette vert gjort på oppdrag frå regulanten BKK, elveeigarlaga og kommunane. I oktober og november kvar haust står laks og sjøaure i våre elvar for å gyta. Det er viktig for forvaltningen av lakseelvane at ein veit kor stor gytebestanden er etter fiskesesongen, og kvar desse gyter. Dykkarane startar øverst i elva og let seg driva nedover stryk og kulpar. Dei tel så fisken undervegs. Ein erfaren dykkar kan skilja mellom sjøaure og laks og storleiken på desse. Dei kan også skilja vill-laks frå oppdrettslaks etter utsjånad. Hausten 2001 hadde både Ekso og Daleelva ca 100 gytelaks og ca 1000 sjøaure på teljinga. Modalselva hadde ca 15 laks og 500 sjøaure. Når dykkarane har kartlagt kvar fisken står i elva, startar dei med fangst av stamfisk. Elva vert sperra med not og garn og ein jagar så fisken i fella. Med dykkar i elva er det lettare å ha kontroll med kvar fisken står. Denne måten å driva stamfiske på har vist svært godt resultat særleg i Ekso. Laksen vert oppbevart i store kar til han er gyteklar.
Daleelva og Ekso dei einaste i Norge Tidligere har ein trudd at hannlaks må verta stor og har vore på beite i sjøen/havet før han vert kjønnsmoden. Havforskingsinstituttet i Bergen har i Daleelva forska på eit særeige fenomen som skjer ute i naturen. Lakseunger vert kjønnsmodne i elva ved storleik på 10-18 cm. Slike såkalla ”dverghanner ” førekjem i høgt tal i dei fleste elver. De representerer ein viktig genetisk ressurs som er med på å sikra at hofisken si rogn vert befrukta. Etter gytinga forlet dverghannen elva (ca 3-4 år gamal) og vandrar til beiteområda i havet. Dei kjem så attende til elva som stor laks på mellom 1,5 kg og 15 kg. I samarbeid med Dale Jakt og Fiskarlag undersøkjer no Havforskningsinstituttet kva effekt det har å bruke dverghanner som stamfisk. I tradisjonelt kultiveringsarbeid har ikkje dverghanner vorte brukt sjølv om desse deltek i gytinga under naturlege forhold i elvane. Ved kultivering i Ekso og Daleelva vert rogna til laksen delt opp og befrukta med mjølke til ulike hannfisk; både stor hannlaks og dverghanner. Hausten 2000 sette Dale Jakt og fiskarlag ut ca 10 000 yngel. Halvparten hadde dverghanner som fedre, resten store hanner. Dei vil med dette finna ut forskjeller i vekst, kjønnsmodning og overleving til avkommet til desse familiane både på anlegget, i elva og etter opphaldet i havet. I år har ein også for første gang brukt dverghannar til befrukting av holaks i Ekso. Der hadde ein vanskar med å fanga nok stor vill hannlaks, medan dverghanner finns i rikeleg antall i elva. Daleelva og Ekso er dei einaste elvane i Norge der slike forsøk vert utført.
Grev ned lakserogn i elvane: Kraftregulerte elvar som Daleelva og Ekso har hatt eigne klekkeri for å produsera fisk som erstatning for tap av fisk grunna endra tilhøve i elva påvirket av reguleringa. Etter reguleringa er regulanten (BKK) pålagt å gjennomføra slike tiltak i elvane.
Det er i gang eit prosjekt i Ekso og Daleleva , der LFI ved Universitetet i Bergen, Ekso elveigarlag og Dale Jakt og Fiskerlag på oppdrag frå BKK legg ut befrukta rogn i elva. Metoden går ut på å etterlikna laksen sitt val av gyteplassar.
Forskarar fylgjer så med på kva som skjer med rogna og fiskeungane over tid. Resultatene til no er svært positive, med høg overleving av rogn og yngel.
Tradisjonell klekkeridrift i Ekso som har produsert laksesmolt og sjøaureyngel i mange år, er i dag erstatta med utlegging av rogn i elva over lakseførande strekning for at ein ikkje vil auka konkurransen med den naturlege yngelen i elva. Klekkeriet i Ekso er no lagt ned og BKK har bygd eit enkelt anlegg for oppbevaring av stamlaks og befrukta rogn. Dale klekkeri produserer enno smolt og yngel, men legg i tillegg ut augerogn av laks i sideelver og på strekninga opp mot Storefossen i Bergsdalen.
|
|
|
|
|
|
Tore Wiers iført tørrdrakt, maske og snorkel har fanga ein vill-laks i Ekso. Denne hannlaksen frå Ekso på 6 kg har stor krok i underkjeven og flotte fargar i gytedrakta. Han er i Ekso for 1- gong for å gyta.
|
|
Holaks på ca 4 kg vert tappa for rogn. Rogna vert like etterpå befrukta med mjølke frå ein hannfisk. Det er kun ca ei vekes tid at hoa er klar for befrukting.
|
|
Hannlaks på ca 3 kg vert teke mjølke frå. Hannen kan befrukta hofisk i fleire månadar.
|
|
Dverghann ca 10 cm lang vert teke mjølke frå. Han har mindre mengde med mjølke, men meir enn nok til å befrukta ein stor holaks.
|
|
4 laks er avliva. Dette er rømt oppdrettsfisk som ikkje kan brukast til avl. Det er Ekso som har hatt mest slik fisk. For 2-3 år sidan oppi 80 %. No er det meir villaks i elva og andelen oppdrettfisk var mindre i 2001 sesongen. Det vert også fanga både regnbogeaure og røye i elva. Alt dette er fisk som har rømt frå oppdrettsanlegg i sjøen. Rømt oppdrettsfisk er ein trussel mot våre ville bestander av laks og sjøaure.
|
Utlegging av befrukta rogn. Rogna vert sleppt gjennom eit drengsrøyr ned i ei kunstig gytegrop. Rogna vert lagt ut på stader ovanfor der laksen ellers ikke kjem opp. Gropa er merka med nummerskilt og det vert teke prøvar av vasskvalitet m.m. gjennom vinter, vår. Når fiskeungane klekkes vert nokre av dei fanga inn for nærare undersøkjing.
|
|