| FISKE I EKSO |
Me i elveeigarlaget vil ynskja alle velkommen til ny fiskesesong i Ekso!
FISKETIDER:
1.juli til 15 september Villaks er freda, sjøørret og oppdrettlaks er lovligt å fiska etter.
FISKEKORT: Sjølvbetjent sal av kort ved infotavla vår i krysset mot Myster. (Mellom småtunnellane og butikken.)
SKJELLPRØVER:
Konvlutter til skjellprøvar ligg: i kasse med fiskekort og i fiskebuene i Skarvhølen, Båthølen og Elvestrand. Det skal takast skjellprøver av all avliva laks. Nummer på fiskekortet skal førast på skjellprøve - konvulutten og leverast i kassen i Olavikje når ein reiser. Dette er svært viktig at du som fisker gjer dette.
PRIS PÅ FISKEKORT: 24-timars kort kr 200,- Fiskekort fyller ein ut, og legg penger i konvulutten, før ein stikk det ned i kassen. Me sel ikkje 12 timars kort i år.
Når du er ferdig og fiske, krysser du av på gjenpart, og legg kortet i kassen der du kjøpte det.
Får du oppdrettlaks, ver gild å merke kortet.
FISKESTREKNING: frå sjø til 300m ofv. kraftverk på Myster. Hølen nærmast Eidsfossen, dvs mellom utløp kraftstasjon og fossen er freda og ikkje tillatt å fiske i
Det er organisert oppsyn langs heile lakseførande elvestrekning
Varierande vassføring pga. kraftproduksjon.
ELVEEIGARANE: Knut Eirik Møster, tlf 91574936 Frank Møster, tlf.: 56 59 56 84 Evelyn Lode, tlf.: 56 59 56 32/ 90853241 Oddbjørn Vik, tlf 56 59 56 46 Johan Neset, tlf 56 59 56 96 Caroline Myster, tlf. 90214060 Bjørn Arvid Ekse, tlf 94194778
Kontaktperson for Ekso Elveigarlag Knut Eirik Møster tlf.: 91574936 adresse: 5728 Eidsland e-post: k-ei-m@online.no
Eksingedalen
Eksingedalen er 45 km lang og strekkjer seg frå Eidsland til Gullbrå. Elva Ekso (tyder eksa - "kasta seg utover") har sitt utspring i Stølsheimen og kastar seg i fossar, stryk og vatn steg for steg nedover dalen før ho renn ut i sjøen ved Eidsland. Dei store vassressursane i området er utnytta til kraftføremål. Det er store fiskeressursar i vassdraget. Dei nedre 4 km er anadrom elv (har laks og sjøaure). Ekso er ei kraftregulert elv med varierande vassføring.
Fiske i Ekso før og no Frå 1930 til 1960 var det ikkje uvanleg at ein person kunne få 5-6 laksar på 10-25 kg i løpet av ein god fiskedag. Gjennomsnittsvekta for laksen låg på 10-12,5 kg og kunne såleis sammenliknast med namngjetne elvar som Vosso, Tana og Altaelva.
På slutten av 1800-talet kom engelske "lordar" til dalen for å bruka sommaren mtil fiske i Ekso. Ekso fekk etterkvart rykte på seg som ei svært god fiskeelv. For ei ellers fattig bygd gav dette viktige inntekter.
Elva har i dag ein aukande sjøaurebestand, med fisk på 1-5 kg. Med rett vassføring kan ein få fine fangstar i løpet av ei fiskeøkt. Laksen er freda grunna lite fisk og problem med oppdrettslaks.
Ekso har ein lakseførande strekning frå sjøen til Raufoss på ca. 3,9 km. Elva har varierande vassføring ettersom den er kraftregulert.
Kultivering Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) har pålegg om å setja ut yngel og smolt av sjøaure og laks i elva. Fram til 1998 var det eige klekkeri for produksjon av denne fisken på Eidsland. I dag er klekkeriet lagt ned og ein prøver med utlegging av befrukta rogn i elva i samarbeid med forskningsmiljøet. Noko fisk vert produsert i anlegg i Eidfjord. Laksetrapp i Raufossen er under vurdering.
Laks og Sjøaure Etter at Myster kraftverk vart bygd i 1987, har oppvektstilhøva for laksen forverra seg i nedre del av Ekso. Brå endringar i vassføringa ved køyring av kraftstasjonen er hovedårsaka.
Kalking av Ekso Vasskvaliteten i Ekso har sidan 1960 vore fast overvaka. Berggrunnen i øvre del av Ekso gjev vasskvalitet med god pH. Noko av dette vatnet vert overført i lange tunnelar til Evanger kraftverk og Vossovassdraget. Nedre del av Ekso er prega av harde bergartar som gjev surt vatn. Slikt surt vatn med låg pH gjev ugunstige tilhøve for oppveksten til laksen. For å bøta på dette vart eit kalkingsanlegg bygd våren 1997 ved Tverrdalsbekken ca 8 km lenger oppe i elva. Alt vatn nedanfor anlegget vert tilsett finmalt kalk slik at vatnet får ein pH på 6,2 - 6,5. Anlegget vart bygd og vert drive med offentleg tilskot.
Fiske For fiskesesongen 2006 er det ope for laksefiske i juli månad. Sjøaurefiske kan du gjere mellom 1. juli og 30. september. Sjøauren heldt seg frå fjorden og opp til 300 m ovanfor Myster Kraftverk. Dei siste åra har bestanden av vill-laks vore liten. Derimot er det ein fin bestand av sjøaure frå 1 - 3 kg. Ein kan óg ta oppdrettslaks (ofte 3 - 5 kg). Den øvre delen av vassdraget har forbod mot fiske. Siden 1997 har elva vorte kalka mot forsurning, og ein håpar at dette er med på at laksestamma skal ta seg opp att. I november 1998 vart det fanga ein stamlaks på 18,5 kg i elva, så det er framleis håp.
|
| Båthølen | |
Her er bilde av gode fiskeplassar i Ekso:
Båthølen ligg nedfor Myster bru. Dette er ein god fiskehøl.
|
| Skarvahølen | |
Skarvahølen ligg i ein terskel bygd opp på grunn av kraftreguleringa. HEr står ofte mykje fisk både laks og sjøaure.
|
| Eidsfossen | |
Eidsfossen er øverstø hølen ein kan fiska i. Denne ligg i utløpet av Myster kraftstasjon. Ovanfor her er elva freda for fiske.
|
| Rundhølen | |
Rundhølen er ei fin høl som deler elva. Her står det fin fisk både på stor og lita elv.
|
|
|
|
|
Johan Myster med stamfisk som vart fanga med garn i Ekso hausten 1998. Fisken var ein vill hannlaks på 18,5 kg, 112 cm lang og 8 år gamal. Det er andre gong han er i elva for å gytja
|
Trykk på bileta for større versjonar
|
|
Slike fiskar på 20-25 kg var årvisse i Ekso på 1920-talet. Frå venstre: Halvdan Eikefet, Lars G. Eide og Ivar Eide frå Eidsland. Biletet er utlånt av Lars Eide
|
|
Fiskeforvaltar hjå fylkes- mannen i Hordaland Atle Kambestad medfine sjøaurar etter fiske i Ekso
|
|